Nilgiri Mountain Railway
From Wikipedia, the free encyclopedia
11.344317°N 76.791945°E / 11.344317; 76.791945 Nilgiri Mountain Railway er ein tannstongjarnbane mellom Mettupalayam og Ugamandalam (Ooty) i Tamil Nadu i det sørlege India. Banen vart bygd av britane i 1908, og vart frå starten drive av Madras Railway Company.[1] Banen nyttar framleis dei gamle damplokomotiva.[2] I juli 2005 vart banen sett på UNESCOS verdsarvliste. etter å ha tilfredsstilt kriteria, og lova å avstå frå modernisering.[3].
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Banen er den einaste tannstongbanen i India. Han har meterspor, og er 48 km lang. Den gjennomsnittlege stigninga er 1:24, men på det brattaste 1:12. Over ei 46 kilometer lang strekning går banen gjennom 208 svingar, 16 tunnelar og over 250 bruer. Turen opp tek 290 minutt, ned 215.
Mot det som er normalt for tog, skyv lokomotivet toget oppover på den brattaste strekninga, medan det på nedturen er plassert i front av toget. Dette vert gjort for at lokomotivet lettare skal kunne stogge toget om bremsane i vognene svikta. Etter Coonoor og fram til Ooty er det etter måten flatt, og her dreg lokomotivet toget på vanleg vis. På denne strekninga vert det no nytta diesellokomotiv.