Nintendo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nintendo Corporation, Limited er eit japansk fleirnasjonalt selskap som produserer dataspel og forbrukarelektronikk. Selskapet har hovudkvarter i Kyoto, Japan og vart etablert i 1889 på grunnlag av japanske spelekort. Selskapet tok i 1951 namnet Nintendo Playing Card Company, og frå 1963 det noverande namnet.
Nintendo | |||
| |||
Headquarters in Kyoto | |||
Org.form | Kabushiki kaisha | ||
---|---|---|---|
Bransje | Kortspel, videospel | ||
Skipa | 23. september 1889 | ||
Eigar | Capital Group Companies | ||
Dotterselskap | Nintendo of America, Nintendo France, Nintendo of Korea, Monolith Soft, Nintendo Entertainment Planning & Development | ||
Eigenandel i | The Pokémon Company,[1] Monolith Soft, Nintendo Phuten, DeNA, Nintendo Entertainment Planning & Development, Nintendo Entertainment Analysis and Development, IQue, Ltd. | ||
Hovudkontor | Japan: Kyoto USA: Redmond, Washington Canada: Richmond, Britisk Columbia Europa: Großostheim, Tyskland Australia: Scoresby, Victoria Kina: Suzhou (som iQue, Ltd.) Korea: Seoul | ||
Land | Japan[2] | ||
Produkt | programvare, dataspel | ||
Adm.dir. | Tatsumi Kimishima (16. september 2015), Satoru Iwata (24. mai 2002), Hiroshi Yamauchi (september 1949) | ||
Tilsette | 5 095 (2013) | ||
Nettstad | https://www.nintendo.com/countryselector/ (engelsk) |
Selskapet byrja å lage dataspel i 1970-åra og vart raskt ein av dei leiande produsentane i verda av slike. Nintendo etablerte seg i 1980 i USA. I 1980-åra kom spelkonsollen Nintendo Entertainment System (NES) som i seinare år har vore etterfølgd av nyare og kraftigare konsollar. I 1989 vart den handhaldne spelkonsollen Game Boy lansert, og denne konsollserien har vore ein av dei største suksessane til selskapet. Den handhaldne Nintendo DS med to skjermar kom i 2004, og i 2006 kom spelkonsollen Wii, som fokuserer på rørslekontroll i spel. Desse har vore etterfølgde av dei aktuelle konsollane Nintendo 3DS og Wii U.
Innan programvare har Nintendo gjeve ut kjende spel som Donkey Kong, Super Mario, The Legend of Zelda og Pokémon.