Norddjurs kommune
kommune i Region Midtjylland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjappe fakta Land, Region ...
Norddjurs kommune | |||
kommune | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Region | Midtjylland | ||
Adm.senter | Grenaa | ||
Areal | 721,0 km² | ||
Folketal | 36 773 (2024[1]) | ||
Folketettleik | 51 / km² | ||
Borgarmeister | Kasper Bjerregaard | ||
Kommunenummer | 707 | ||
Norddjurs kommune 56.5°N 10.8°E / 56.5; 10.8 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Norddjurs Kommune | |||
Nettstad: www.norddjurs.dk | |||
Lukk
Norddjurs kommune er ein dansk kommune på Jylland i Region Midtjylland. Kommunen vart danna ved kommunereforma i 2007 ved ei samanslåing av Grenaa kommune, Nørre Djurs kommune, Rougsø kommune og dei østlege delane av Sønderhald kommune. Øya Anholt i Kattegat er òg ein del av kommunen.[2]
Kommunen har 36 773 innbyggjarar (2024). Administrasjonssenteret ligg i Grenaa.[2]