![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0d/Heddal_stave_church.jpg/640px-Heddal_stave_church.jpg&w=640&q=50)
Norske stavkyrkjer
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Stavkyrkjer i Noreg er gjenverande og rekonstruerte stavkyrkjer, det vil seia trekyrkjer konstruerte med berande stavar (stolpar). Sjølv om slike trekyrkjer var vanleg i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid.[1] Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen.[2] Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg.[3] No vert stavkyrkjene rekna for å vere mellom dei viktigaste representantar for nordeuropeisk mellomalderarkitektur i tre, og er representert ved Urnes stavkyrkje på UNESCO si verdsarvliste.[4]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0d/Heddal_stave_church.jpg/640px-Heddal_stave_church.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Stave_church_Heddal%2C_Johannes_Flintoe%2C_1828.png/640px-Stave_church_Heddal%2C_Johannes_Flintoe%2C_1828.png)
Lista inneheld 28 stavkyrkjer som har overlevd frå mellomalderen. I tillegg blir det vist til Fantoft stavkyrkje som er ein rekonstruksjon av den nedbrende kyrkja, som i sin tur var ein rekonstruksjon av ei riven kyrkje, Vang kyrkje som i dag står i Polen og to av dei kyrkjene som blei bygd på 1600-talet med inspirasjon frå stavkyrkjene, Fåvang og Vågå. I tillegg finst det fleire kopiar og miniatyrar som ikkje er tatt med i denne lista. Uvdal kyrkje frå 1893 er bygd i dragestil.