Olympos i Lykia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Olympos er ein by frå antikken som låg i ein dal på sørkysten av Tyrkia, 90 km sørvest for Antalya og nær byen Kumluca.
Olympos | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Olympos i Lykia 36.3965579°N 30.4735419°E / 36.3965579; 30.4735419 | |||
Wikimedia Commons: Olympos, Turkey | |||
Olympos vart grunnlagd i den hellenistiske perioden og har truleg fått namn frå det nærliggande fjellet Olympos (tyrkisk Tahtalı Dağı, «Tømmerfjellet»), ein av over tjue fjell med namn Olympos i antikken.
Myntane frå byen Olympos er datert til 100-talet fvt. Han vart skildra av Cicero som ein gammal by med mykje rikdom og kunst.[1] Byen vart ein av dei seks førande byane i Det lykiske forbundet. I det første hundreåret fvt. vart Olympos invadert og busett av kilkiske sjørøvarar. Dette enda i 78 fvt. då den romerske kommandanten Publius Servilius Isauricus, i lag med ein ung Julius Caesar, tok byen etter ein siger til sjøs, og la Olympos til Romarriket. Sjørøvaren Zenicetes sette fyr på huset sitt og forsvann.[2] Keisar Hadrian vitja byen og gav han namnet Hadrianopolis for ein periode.
I mellomalderen bygde venetianarane, genuesarane og rhodesarane to festninga langs kysten, men på 1400-talet var Olympos heilt fråflytta. I dag er staden eit turistmål, ikkje berre for kulturgjenstandane som framleis finst her, men òg for det vakre landskapet.