Peparkake
From Wikipedia, the free encyclopedia
Peparkake er ein type småkaker typisk laga i samband med jula. Ein lagar deig av til dømes kveitemjøl, sukker, smør, sirup (eller honning), natron (eller hjortetakksalt), og kryddera kanel, nellik, ingefær og kardemomme. Sjølv om kakene heiter peparkaker, er det ikkje nødvendig å bruka pepar i deigen.
Peparkakedeigen blir kjevla ut i plater som ein deretter skjer eller presser små figurar utav. Tradisjonelle figurar er hjarte, stjerner og menneske. Kakene blir så steikte på smurt plate i steikeomn til dei er blitt brune og nokså sprø. Dei kan pyntast med melisglasur etter steikinga.
I mange mattradisjonar lager ein peparkaker i samband med julefeiring, mellom anna i Noreg. Her blir det laga og seld peparkaker berre rundt juletider. I andre land kan ein kjøpa peparkaker heile året.