Permtida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Perm er ein geologisk periode som strekkjer seg frå tida 299,9 ± 0,8 millionar år sidan til 251,0 ± 0,4 millionar år sidan.[4] Han er den siste perioden i paleozoikum. Perioden vart etterfølgd av trias, den første delen av mesozoikum.
Permtida 299–251 millionar år sidan | |
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden | ca. 23 vol %[1] (115 % av dagens nivå) |
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden | ca. 900 ppm[2] (3 gonger førindustrielt nivå) |
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden | ca. 16 °C [3] (2 °C over dagens nivå) |
Viktige hendingar i perm -300 — – -295 — – -290 — – -285 — – -280 — – -275 — – -270 — – -265 — – -260 — – -255 — – -250 — Ei tilnærma tidsskala for hendingar i perm. Skala: Millionar år sidan. |
Perm vart kalla opp etter kongedømet Permia i Russland av den skotske geologen Roderick Murchison i 1841, og ikkje den vesle byen Perm som mange ofte trur.[5]
Permsystemet er bergartar som er avsette i perm.