Perseidane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Perseidane, iblant kalla Laurentiussvermen, er ein meteorsverm med størst aktivitet omkring 12. august kvart år, årsaka av kometen Swift-Tuttle. Perseidane har fått namnet fordi punktet på himmelen som dei ser ut til å kome frå, den såkalla Meteorregnradianten, ligg i stjernebildet Persevs.
Perseidane (PER) | |||
Ein perseid over Very Large Telescope | |||
Oppdaga | 36 evt. (først registrert)[1][2] | ||
---|---|---|---|
Opphav | Swift–Tuttle[3] | ||
Stjernebilete | Persevs | ||
Rektascensjon | 03h 04m[3] | ||
Oppstår i | 23. juli - 20. august[3] | ||
Dato for størst aktivitet | 13. august[3] | ||
Snøggleik | 58[4] km/s | ||
Zenithal hourly rate | 80[3] | ||
Sjå òg: liste over meteorsvermar |
Meteorregnet kjem når jorda kryssar bana til kometen Swift-Tuttle. Langs bana strekker seg ein "meteordis" (den såkalla Perseiddisen) av partiklar som er frigjorte frå kometen. Det meste av stoffet i disen i dag er om lag tusen år gamalt, men det finst ein yngre del av disen som stammar frå ein straum som losna frå kometen i 1862. Hastigheita til meteorar frå denne delen er markert større enn gjennomsnittet. Meteorane er oftast små – som sandkorn – og vert pulveriserte av friksjonen mot jordatmosfæren og når jordoverflata som støvkorn. Større steinar genererer ein større friksjon, og for at desse skal nå jordoverflata krevst ein storleik større enn ein neve.