Pet Sounds
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pet Sounds er det ellevte studioalbumet til det amerikanske popbandet The Beach Boys. Det kom ut 16. mai 1966 på Capitol Records. Albumet er av mange trekt fram som eit av dei viktigaste albuma som er gjeven ut i vestlege popmusikk og har av mange musikkmagasin vorte rangert som det beste og største albumet gjennom tidene, mellom anna av New Musical Express, The Times og Mojo.[11][12][13] I 2003 vart albumet rangert på andreplass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14] I følgje Acclaimedmusic.net er Pet Sounds det mest anerkjende albumet nokon gong av musikkjournalistar.[15]
Pet Sounds Studio av The Beach Boys | ||
Språk | angloamerikansk | |
Utgjeve | 16. mai 1966 | |
Innspelt | 12. juli 1965; 1. november 1965 til 13. april 1966 ved Western Studios, Gold Star Studios og Sunset Sound Studios | |
Sjanger | Sunshine pop, kunstrock, barokk pop, psykedelisk pop, psykedelisk rock | |
Lengd | 35:58 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Beach Boys' Party! (1965) |
Pet Sounds | Smiley Smile (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Chicago Sun-Times | [3] |
Chicago Tribune | [4] |
Encyclopedia of Popular Music | [5] |
Entertainment Weekly | A+[6] |
Q | [7] |
Rolling Stone | [8] |
The Rolling Stone Album Guide | [9] |
Slant Magazine | [10] |
Pet Sounds vart skapt fleire månader etter at Brian Wilson hadde trekt seg frå turnelivet med bandet for i staden å fokusere heilt på låtskrivinga.[16] Han nytta gjennomarbeidde lag med vokalharmoniar, lydeeffektar, uvanlege instrument som sykkelbjøller, summande orgel, cembalo, fløyter, theremin og hundefløyte, i tillegg til vanlege instrument som tangentinstrument og gitarar.[17]