Phormium
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Phormium er ei planteslekt frå New Zealand. Ein av artane veks berre naturleg på New Zealand og den andre veks berre på New Zealand og Norfolkøya.[1] Phormium-plantane dannar lange bladfiber som har spela ei viktig rolle i newzealandsk kultur, historie og økonomi. Phormium tenax veks naturleg på New Zealand og på Norfolk Island, medan Phormium cookianum er endemisk på New Zealand. Båe artane har vorte vidt spreidde i tempererte delar av verda, både som kommersielle fiberplantar og som prydplantar.[2]
Phormium | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aloefamilien Asphodelaceae |
Underfamilie: | Hemerocallidoideae |
Slekt: | Phormium J.R.Forst. & G.Forst., 1775 |
Dei fleirårige plantane Phormium tenax og Phormium cookianum blir høvesvis kalla harakeke og wharariki på maori. På engelsk er slekta kjend som New Zealand flax, 'New Zealand-lin'. Dei skil seg tydeleg ut frå linplanten frå den nordlege halvkula, men arten vart kalla 'flax' av dei engelskspråklege europearane på New Zealand fordi ein også kunne nyttiggjera seg fibrane i denne planten.
Naturvitskapsmannen Jacques Labillardière samla stadeigne Phormium-plantar då franske skip vitja dei nordlege delane av Nordøya på New Zealand i 1793. Han hadde lagt merke til dei mange måtane maoriane brukte planten på, og i 1803 gav han det vitskaplege namnet Phormium, som tyder korg eller flettekorg, og tenax, som tyder 'fastleik', eller 'å halda fast', til planten.
Phormium tenax veks for det meste i sumpar eller lågtliggjande lende, men er i stand til å veksa nær sagt over alt, og er også mykje dyrka i hagar, som ein eviggrøn dekorativ plante, både på New Zealand, og etter kvart elles i verda. Phormium tenax er ein urteaktig fleirårig einfrøblada plante. Klassifiseringa av einfrøblada plantar har gjennomgått betydeleg revisjon det seinaste tiåret, og dei siste klassifikasjonssystema (inkludert Angiosperm Phylogeny Group) har funne at Phormium tenax er nært i slekt med dagliljer (Hemerocallis). Phormium tenax høyrde tidlegare til familien Agavaceae, og fleire klassifikasjonssystem plasserer enno planten der.