Placentale pattedyr
infraklasse av pattedyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Placentale pattedyr eller morkakedyra (Eutheria) er dei pattedyra som har ei morkake (placenta) som samband mellom kretsløpssystemet til foster og mor. Morkaka oppstod evolusjonært ved at fosterhinnene og allantois (som er «urinsekken» til fosteret hjå alle amniotar) la seg inntil livmorveggen. Morkaka er den eigenskapen som gjer forlenga drekt mogleg, fordi fosteret ellers ikkje kunne blitt forsynt med oksygen og næring. Drekta hjå placentale pattedyr kan vare opptil elleve månader mot maksimalt éin månad hjå pungdyr.
Placentale pattedyr | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Theria |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia Owen, 1837 |