Puerto Maldonado
From Wikipedia, the free encyclopedia
Puerto Maldonado er ein by i det søraustlege Peru i regnskogen i Amazonas 55 kilometer vest for den bolivianske grensa og ved staden der elvene Madre de Dios og Tambopata flyt saman. Han er hovudstaden i Madre de Dios-regionen. Folkesetnaden er 50 661 (2005). Høgda er 183 moh.
Kjappe fakta Land, Folketal ...
Puerto Maldonado | |||
by | |||
Plaza de Armas | |||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Folketal | 85 024 (2017)[1] | ||
Puerto Maldonado 12.6°S 69.183333333333°W / -12.6; -69.183333333333 | |||
Wikimedia Commons: Puerto Maldonado | |||
Lukk
I området som grensar til Puerto Maldonado ligg Manu nasjonalpark, Tambopata verneområde og Bahuaja-Sonene nasjonalpark. Desse er nokre av dei best bevarte primære regnskogar i verda, kjent for sitt biologiske mangfald, til dømes har Manu nasjonalpark registrert over 1000 fugleartar. Området inkluderer fleire kroksjøar.