From Wikipedia, the free encyclopedia
Pålebygningar er bygningar reiste på eit understell av pålar som er sette ned i grunnen, ofte i ein strandkant eller ute i vatnet. Ein kan òg rekna bygningar som er oppførte på eit flytande underlag ute i vatnet eller på flytande torvmatter (som den svenske Alvastrabuplassen frå steinalderen) som pålebygningar.
Pålebygningar er i dag særleg vanlege blant malayar og på Papua Ny-Guinea, i Polynesia og hjå ein del søramerikanske urfolk. Dei kan ha blitt laga dels for forsvar og dels fordi ein vil bu i område som er for våte for vanlege hus. Dei er nyttige på stader der det er vanleg med flaum, eller like ved vasskanten.
Ein viktig grunn til å byggja pålebygningar er for å verna seg mot flaum.[1] Ein kan også bruka dei på grunn som kan vera ustabil, som myr eller permafrost. Bygningar på pålar kan også halda ute skadedyr.[2] Det opne rommet under bygningen kan brukast til arbeid eller lagerplass.[3]
På stader med permafrost, i Arktis, kan ein bygga hus på pålar for å hindra at varme frå husa smeltar han. Permafrost kan innehalda opptil 70 % vatn. Når han er frosen gjev han eit stabilt fundament til bygningar. Dersom varmen strøymer ut frå botnen av huset kan derimot permafrosten smelta, og huset blir ustabilt og byrjar å søkka.
Nyare forskingsstasjonar i Antarktis har også nytta pålar til å løfta bygningar opp frå bakken. Dette gjer at snø ikkje samlar seg rundt dei, og kan i nokre høve gjera bygningane flyttbare.[4]
Ein har reist pålebygningar fleire stader i Europa frå steinalderen til fram i jernalderen, særleg i austlege delar. Bygningstypen er særleg kjend frå Sveits og Nord-Italia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.