Følgje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei følgje er i matematikk ei ordna liste av objekt i ei mengd. Mengde objekt eller ledd i følgja kan vere endeleg eller telbart uendeleg, og det vil seie at objekta kan nummererast ved hjelp av dei naturlege tala.
Dersom det n-te leddet i ei uendeleg følgje i eit metrisk rom nærmar seg ein grenseverdi når n aukar, blir det sagt at følgja er konvergent. Ei følgje som ikkje er konvergent er divergent. Følgjer opptrer i alle område av matematikk, og studiet av følgjer er ein viktig del av matematisk analyse. Konvergente følgje spelar ei spesielt viktig rolle, blant anna i definisjonen av irrasjonale tal.
Følgjer der elementa er reelle eller komplekse tal kallast ofte talfølgjer. Tilsvarande er ei funksjonsfølgje ei følgje der elementa er funksjonar. On-Line Encyclopedia of Integer Sequences er ein database over følgjer av heiltal.
Ei rekkje er definert som summen av ei endeleg eller uendeleg følgje.