![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Relic_of_the_Holy_Blood_-_Brugges.jpg/640px-Relic_of_the_Holy_Blood_-_Brugges.jpg&w=640&q=50)
Relikvarium
From Wikipedia, the free encyclopedia
Relikvarium, relikvieskrin eller relikviegøyme er eit staseleg utforma skrin eller anna form for hol gjenstand meint for å take vare på relikviane frå eit kristent heilagt menneske (ein helgen), eller for noko som kan knytast til Jesu jordiske liv.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e8/Relic_of_the_Holy_Blood_-_Brugges.jpg/320px-Relic_of_the_Holy_Blood_-_Brugges.jpg)
Relikvarium for lekamsdelar frå heilage personar, som føter, hender, hovud og anna, kunne verte utforma i samsvar med dei lekamsdelane dei inneheld.
Relikvarium er òg kjend frå andre religionar enn kristendomen, mellom anna frå buddhismen.
- Armforma relikvarium i Praha frå 1300 – 1400-talet for knoklar etter den heilage Ludmila.
- Hovudforma relikvarium for knoklar etter den heilage Ludmila.
- Relikvarium forma som erkebiskop Sankt Johan II (Иоанн Новгородский) frå Novgorod, avliden 7. september 1186, for å take vare på relikviane etter han.
- Relikvarium som inneheld ein torn frå Jesu tornekrone.
- Døme på buddhistisk relikvarium frå Thailand.