Rosevindauge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosevindauge er eit stort, rundt vindauge som er sett inn i fronten og tverrskipgavlane i ei kyrkje eller ein katedral. Denne typen vindauge er særleg kjend frå gotisk kyrkjearkitektur der rosevindauge er fylte ut med glasmåleri og plasserte øvst i gavlpartiet i frontveggen.[1][2]
I samband med restaureringa av Nidarosdomen fekk kyrkja eit stort rosevindauge i vestfronten teikna av Olaf Nordhagen og med glasmåleri av Gabriel Kielland.[1]