From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosévin (av fransk rosé, 'lyseraud, rosa') er ein lyseraud, lett vintype som kan lagast på ulike måtar. Rosévin er typisk laga av raude vindruer, men også av grøne (kvitvinsdruer) eller blåe (raudvinsdruer). Han kan vera søtleg eller tørr på smak, blir som regel servert kald og blir drukken ung.
Roséliknande vinar kan ha vore blant dei tidlegaste vinane som blei laga ettersom tidleg vinlaging involverte kort maserasjonstid og lettare pressing enn ved moderne raudvinsproduksjon.[1] I dag blir rosévin laga over heile verda.[2][3]
Rosévin kan lagast gjennom kort maserasjon mellom saft og drueskal, typisk i 1-3 dagar.[4] Mosten blir deretter pressa og sett til gjæring medan skala blir fjerna. Jo lenger safta er i kontakt med skala, jo djupare blir vinfargen.[5] Ein annan type svært lys rosévin, kjend som vin gris (grå vin) blir laga ved å pressa raude druer rett etter innhausting, utan maserasjon.
Ein kan også laga rosévin som eit biprodukt av raudvin der ein skil ut ein del av mosten på eit tidleg tidspunkt, ein teknikk kjend som saignée (fransk for 'årelating'). Dette forsterkar raudvinen som blir att, medan den fråskilde rosa safta kan gjærast til ein mildare rosé.[6]
Ein mindre vanleg måte å laga rosévin på er å behandla raudvin med absorberande kol som aktivt kol. Slike stoff trekk til seg fargestoff, men også andre stoff i vinen. Å blanda kvit- og raudvin er ikkje ein akseptert måte å laga rosévin på, bortsett frå ved produksjon av musserande rosévin.
Rosévin har ein frisk, mild smak som gjer at han gjerne blir drukken om sommaren. Ein serverer gjerne vinen nedkjølt, typisk ved 8–12 °C.
Rosévin passar ikkje til å lagra i meir enn om lag 12 månader, og held seg også berre kort tid etter å ha blitt opna.[7]
Det finst ei rekkje ulike typar rosévin. Den søtlege franske Rosé d'Anjou og dei tørre Tavel Rosé og Rosé de Provence er særleg kjende. Også dei svakt perlande portugisiske rosévinane (kjend som rosado på portugisisk og spansk) er omtykte.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.