Ruggero Leoncavallo
italiensk komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ruggero eller Ruggiero Leoncavallo (23. april 1857–9. august 1919) var ein italiensk komponist av operaer og operetter. Han skreiv også librettoar, både for dei fleste av sine eigne operaer og for andre komponistar, som Giacomo Puccini sin Manon Lescaut.[1]
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Ruggero Leoncavallo | |||
| |||
Fødd | 23. april 1857 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Napoli | ||
Død | 9. august 1919 (62 år) | ||
Dødsstad | Montecatini Terme | ||
Opphav | Kongedømet Italia | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | librettist, komponist, pianist, manusforfattar |
Lukk
Leoncavallo blei verdskjend for operaen Pagliacci frå 1892. Han hadde òg ein viss suksess med sin La Bohème, sjølv om operaen ikkje kunne måla seg med Puccini sin versjon om emnet. Han skreiv òg songar, der «La Mattinata» blei populær.