From Wikipedia, the free encyclopedia
Røyst eller stemme er den lyden menneske skaper ved å lukke stemmeleppene og presse luft gjennom stemmebanda. Røysta er den mest umiddelbare uttrykksforma for tankar og kjensler hjå menneske, og er allereie frå fødselen eit eigna verkemiddel til kommunikasjon menneske imellom: gjennom skrik, sukk, tale, song, rop, gråt og anna.
Bruken av røysta er både bevisst og ubevisst, der den bevisste delen utgjer ei formulering av ord på ulike språk som etter brukarens beste evne uttrykker det vedkommande ønskjer å kommunisere, og den ubevisste delen gjennom stemmeklang og varierande lydstyrke viser uttrykk for kjenslene.
Vi nyttar også omgrepet «indre røyst» og å «gje si røyst» - altså «røyste på nokon» under eit val. I eit ensemble eller orkester nyttast «røysta» for å indikere eit enkelt instrument eller ei instrumentgruppe som spelar dei same tonane (t.d. ei «fiolinstemme») og før ein spelar musikk saman «stemmer» ein instrumenta etter ein avtala kammertone for å kunne intonere riktig og lage harmoniar saman.
Røysta vert danne ved at eit menneske lukkar stemmeleppene presser luft gjennom stemmebanda slik at dei vekselvis vert opna og lukka. Lufta slepp dermed gjennom i kortvarige støyt (mellom nokre hundre og opp til fleire tusen gonger pr. sekund). Frekvensen av desse luft-støyta dannar tonehøgda - born og kvinnerøyster har vesentleg raskare frekvens enn mannsrøyster og kling difor «lysare».
Stemmeleiet avheng mest av storleiken på stemmebanda. I puberteten veks ofte «instrumentet» mykje på kort tid og det oppstår eit «stemmeskifte». Tonehøgda avheng av spenninga i stemmebanda, auka spenning fører til fleire luftstøyt pr. sekund og dermed ein «lysare» tone. Lydstyrken vert bestemt av luftmengda som passerer stemmebanda og kor stort utslag stemmebandssvingingane har. Meir luft og større utslag gjev meir lydstyrke.
Røysta har ein sentral plass i ei lang rekke kunstformer – film, teater, konsert, musikal, opera, operette, i radio og fjernsyn og på plateinnspelingar. Utøvarar bruker mykje tid på å lære seg å kontrollere omfang, klang og lydstyrke.
Menneskerøysta vert vanlegvis kategorisert i 6 grupper:
Menn som syng i falsett, vert kalla kontratenor. Dei syng som oftast det same stemmeleiet som alt.
I Europa på 1600- 1700-talet var det også vanleg med kastratsongarar, det vil seie gutar som fjerna kjønnskjertlane før stemmeskiftet, slik at strupehovudet ikkje voks. Kastratsongarane hadde dermed lys guterøyst heile livet.
Innanfor opera vert røyster kategorisert i «stemmefag». Gjennom tidene har det utvikla seg ulike «typar» innanfor repertoaret som har nokre fellestrekk, og det har danna grunnlaget for inndelinga. Bruken av «fag» gjer det enklare å finne dei rette songarane til rollene i ei framsyning.
Stemmefaga er:
Høgtlesing vert nytta i litterære samanheng, der innhaldet i teksten blir gjengitt ved å utnytte klangvariasjonar.
Det same gjeld for undervisning, i taler og foredrag m.m.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.