Statistisk sentralbyrå
From Wikipedia, the free encyclopedia
Statistisk sentralbyrå (SSB) har det overorda ansvaret for samordning av offisiell statistikk i Noreg. I følgje Lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå («Statistikklova») er sentralbyrået underlagt Finansdepartementet, men fagleg sett er det ein sjølvstendig institusjon.
Kjappe fakta Offisielt namn, Type ...
SSB | |||
Hovudkontoret til Statistisk sentralbyrå i Akersveien 26, Oslo | |||
| |||
Offisielt namn | Statistisk sentralbyrå, Statistics Norway | ||
---|---|---|---|
Type | Forvaltingsorgan | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1. juli 1876[1] | ||
Org.nummer | 971526920 | ||
Adm. dir. | Birger Vikøren (konstituert) | ||
Hovudkontor | Akersveien 26 i Oslo | ||
Eigar | Finansdepartementet | ||
Tilsette | 1 070 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | www.ssb.no |
Lukk
SSB har 1 070 tilsette, av dei 350 på Kongsvinger og 720 i Oslo. I tillegg til å utarbeide offisiell statistikk, skriv byrået rapportar og notat på oppdrag frå både private og offentlege institusjonar.