San Juan på Puerto Rico
From Wikipedia, the free encyclopedia
San Juan (frå spansk San Juan Bautista,[2] 'Døyparen Johannes') er hovudstad på den karibiske øya Puerto Rico, som er eit ytre territorium og ein samveldestat til USA. Byen har 434 374 innbyggjarar etter den siste folketeljinga i 2000. San Juan er den eldste byen som vert styrt av Amerikas sameinte statar, den nest eldste er St. Augustine i Florida. San Juan er òg den nest eldste byen i Amerika som vart grunnlagt av europearar, etter Santo Domingo i Den dominikanske republikken.
San Juan | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Region | Puerto Rico | ||
Del av | Northern Coast | ||
Areal | 120,193947 km² | ||
Folketal | 342 259 (1. april 2020)[1] | ||
Grunnlagd | 1508 | ||
San Juan på Puerto Rico 18.465555555556°N 66.118055555556°W / 18.465555555556; -66.118055555556 | |||
Wikimedia Commons: San Juan, Puerto Rico | |||
San Juan er i dag eit viktig transportknutepunkt i Karibia for gods, flytrafikk og sjøfart og har ein blomstrande cruisetrafikk. Samstundes er San Juan det industrielle, finansielle og kulturelle sentrumet på øya. Byen er hovudstad og sentrum i eit storbyområde som omfattar Bayamón, Carolina, Guaynabo, Cataño, Toa Baja og Trujillo Alto. Heile dette området utgjer ein folkesetnad på ca. to millionar innbyggjarar. Dette inneber at omtrent halvparten av folkesetnaden på Puerto Rico bur og arbeider innanfor dette storbyområdet.[3] San Juan er tent av Luis Muñoz Marín internasjonale lufthamn.