San Marino i Eurovision Song Contest 2008
From Wikipedia, the free encyclopedia
San Marino debuterte i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia med songen «Complice», framført på italiensk av Miodio. I november 2007 vart det offisielt stadfesta av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) at San Marino ville delta i Eurovision Song Contest.
Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2008, Nasjonal uttaking ...
Eurovision Song Contest 2008 | ||
---|---|---|
Land | San Marino | |
Nasjonal uttaking | ||
Uttaking | Intern | |
Dato(ar) | 11. mars 2008 | |
Artist(ar) | Miodio | |
Song | «Complice» | |
Språk | Italiensk | |
Låtskrivar(ar) | Francesco Sancisi og Nicola Della Valle | |
Resultat | ||
Semifinalepoeng | 5 | |
Semifinaleplass | 19 | |
Finalepoeng | X | |
Finaleplass | X |
Close
Pop-rockgruppa Miodio representerte landet med den italienskspråklege songen «Complice». Debuten var ikkje særleg suksessfull og San Marino enda sist i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.
Etter debuten trekte landet seg frå tevlinga i 2009 og kom ikkje attende før i 2011 på grunn av finansielle problem.