Scovilleskalaen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Scovilleskalen er ei gradsinndeling over heten eller styrken til chili. Den tilhøyrande måleeininga heiter scovilleeining (engelsk Scoville heat unit, stytta til SHU), men i daglegtale brukar ein ofte berre «scoville». Talet scovilleeiningar syner capsaicininnhaldet i chilien.[1] Capsaicin er ei kjemisk samanbinding som stimulerer kjemoreseptorar i huda, særleg i slimhinnene. Heten i chili skil seg frå smak ved at han vert oppfatta med andre delar av sanseapparatet.
Skalaen har namn etter den amerikanske apotekaren Wilbur Scoville, som oppfann han. Metoden, som han utforma i 1912,[2] er kjend som den organoleptiske scovilletesten (engelsk the Scoville Organoleptic Test). Den vanlege moderne metoden som vert brukt til kvantitativ analyse gjer nytte av høgtytande væskekromatografi, noko som mogleggjer direkte måling av capsaicinoidinnhaldet.