franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Seine-Saint-Denis er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike like nordaust for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Seinen og byen Saint-Denis. Lokalt vert departementet stundom kalla «l'neuf trois» ('Ni-trearen') etter det offisielle administrasjonsnummert til departementet, 93.[1]
Seine-Saint-Denis | |
---|---|
Våpenskjoldet til Seine-Saint-Denis | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 93 |
Region: | Île-de-France |
Préfecture: | Bobigny |
Sous-préfectures: | Le Raincy Saint-Denis |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 40 |
Kommunar: | 40 |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 7. |
-2005 | 1 459 074 |
Folketettleik: | 6 183/km² |
Landareal¹: | 236 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Seine-Saint-Denis var ein stor del av det tidlegare departementet Seine fram til 1964. Gjennom historia har venstresida stått sterkt i departementet, særleg Det franske kommunistpartiet, som framleis sit i byrådet i byar som Saint-Denis, Aubervilliers, Bobigny og La Courneuve. Seine-Saint-Denis er det einaste departementet der kommunistpartiet har fleirtal i hovudstyret.
Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Val-de-Marne og Hauts-de-Seine er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Seine-Saint-Denis grensar til departementa Val-de-Marne, Seine-et-Marne, Val-d'Oise, Hauts-de-Seine og Paris.
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Séquano-Dionysiens.
Seine-Saint-Denis er det departementet med flest immigrantar i Frankrike, om lag 25 %.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.