art av haukefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sekretærfugl (Sagittarius serpentarius) er ein stor rovfugl, endemisk for Afrika, som lever på opent grasland og på tørre savannar. Han er spesialisert på jakt av krypdyr. Sjølv om arten er ein del av den biologiske orden Accipitriformes, saman med andre rovfuglar som glentar, våkar og haukar, er sekretærfuglen så særeigen at han har fått sin eigen familie, Sagittariidae.
Sekretærfugl | |
Sekretærfugl | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av sekretærfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Sagittariidae |
Slekt: | Sagittarius |
Art: | Sekretærfugl S. serpentarius |
Vitskapleg namn | |
Sagittarius serpentarius J. F. Miller, 1779 |
Han har ein spesiell status i delar av Afrika, i Sudan og i Sør-Afrika er han med på motivet i riksvåpenet.
Ein kan identifisere arten sekretærfugl ut frå den ørneliknande kroppen saman med dei lange beina som liknar på dei hos traner. Beina gjev han ei høgd på ca. 1,3 meter. Kroppslengde er ca. 1,4 m og vekta i gjennomsnitt ca. 3,3 kilogram. Vengespennet kan vere over 2 m. Hovudet er liknar på ørnehovud med kroket nebb. På litt avstand og i flukt liknar sekretærfugl meir på traner enn på rovfugl. I flukt har halen to forlenga sentrale fjør samt lange flate fjør som strekkjer seg ut på sidene av beina. Flygefjøra og beina er svarte, dekkfjøra er lys grå, medan bryst og hals er nesten kvit. Arten viser ikkje kjønnsdimorfisme i farger, men hannen har lengre halefjør og lengre fjør på hovudet. Vaksne individ har raud fjørlaus hud i ansiktet i motsetnad til ungfuglar som har gul hud.
Ein vanleg spekulasjon på opphavet til namnet sekretærfugl er referanse til utsjånaden av fjørtoppen bak på hovudet til denne fuglen skal minne om sekretærar som tidlegare hadde for vane å feste fjørpennar bak øyro. Ein nyare hypotese går på at namnet har opphav frå det arabiske saqr-et-tair (‘jegerfugl’). Det franske secrétaire, som liknar mykje i uttale, kan soleis vere eine ordet i artsnamnet på mange europeiske språk. Artsnamnet serpentarius kan minne ein om evnene som denne arten har som reptiljeger.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.