Seldsjukkarriket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seldsjukkarriket (tyrkisk Büyük Selçuklu Devleti, «Det store seldsjukkarriket»; persisk دولت سلجوقیان) var eit tyrkisk-persisk rike i mellomalderen.[8][9][10] Seldsjukkarriket kontrollerte eit enormt område som strekte seg frå Hindukush til det austlege Anatolia og frå Sentral-Asia til Persiabukta. Frå heimlandet sitt nær Aralsjøen, rykka seldsjukkane først inn i Khorasan og så inn i Persia før dei etter kvart erobra det austlege Anatolia.
Büyük Selçuklu Devleti دولت سلجوقیان Dawlat-i Saljūqiān Det store seldsjukkarriket | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Rike | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Seldsjukakrriket på sitt største i 1092, då Malik Shah I døydde | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Hovudstad | Nishapur (1037–1043) Rey (1043–1051) Isfahan (1051–1118) Hamadan, Vestleg hovudstad (1118–1194) Merv, Austleg hovudstad (1118–1153) | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Språk | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Styreform | Monarki | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sultan | |||||||||||||||||||||||||||||||||
- 1037–1063 | Toghrul I (første) | ||||||||||||||||||||||||||||||||
- 1174–1194 | Toghrul III (siste)[5][6] | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Historie | |||||||||||||||||||||||||||||||||
- Tughril danna statssystemet | 1037 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
- Erstatta av Khwarezmiriket[7] | 1194 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Areal | |||||||||||||||||||||||||||||||||
- 1080 est. | 3 900 000 km² | ||||||||||||||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||||||||||||||
I dag ein del av | Land i dag |
Seldsjukkarriket vart grunnlagd av Tughril Beg i 1037 etter innsatsen til grunnleggjaren av seldsjukk-dynastiet, Seldsjuk Bey, i byrjinga av 1000-talet. Faren til Seljuk Bey hadde ei høgare stilling i Oghuz Yabgu-staten, og han gav namnet sitt til både staten og dynastiet. Seldsjukkane samla det brotne politiske miljøet i den austlege islamske verda og spelte ei viktig rolle i det første og det andre krosstoget. Riket var kraftig persianisert[11][12][13][14] i kultur[15][16] og språk,[11][17], og seldsjukkane spelte òg ei viktig rolle i å utvikle den tyrkisk-persiske tradisjonen,[18] og eksporterte persisk kultur til Anatolia.[19] Busetjinga av tyrkiske folk i nordvestlege område av rike, av strategiske årsaker for å halde fiendtlege nabostatar unna, førte til ei aukande tyrkifisering av desse områda.[20]