Serhij Bubka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Serhij Nazarovytsj Bubka[lower-alpha 1] (fødd 4. desember 1963), er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Vorosjilovgrad i Sovjetunionen, i dag Luhansk i Ukraina. I perioden 1983-97 vann han dei seks fyrste VM-titlane i stavsprang, og vart dessutan europameister i øvinga i 1986 og olympisk meister i 1988. Bubka var fyrstemann i verda som hoppa over 6 meter i stavsprang. Verdsrekorden på 6,14 m som han sette 31. juli 1994 i Sestriere i Italia blei først overgått i 2014.[1] I alt sette han 17 verdsrekordar utandørs.
Serhij Bubka | |
Nasjonalitet | Ukrainsk |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 4. desember 1963 (60 år) Vorosjilovgrad i Ukraina i Sovjetunionen |
Idrett | friidrett |
Høgd | 1,83 meter |
Tok del i |
Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, World Economic Forum Annual Meeting 2004 |
Utmerkingar |
Arbeidets røde fanes orden, Leninordenen, Jaroslav den vises orden, Ærestegnet fra Ukrainas president, Fyrsten av Asturias' pris for sport, Det ukrainske ministerråds ærespris, 2. klasse av Ukrainas fortjenstorden, 1. klasse av Ukrainas fortjenstorden, helt av Ukraina, Statens orden, L'Équipe Champion of Champions, Idrettens mester i Sovjetunionen, 5. klasse av Jaroslav den vises orden, 4. klasse av Jaroslav den vises orden, 3. klasse av Jaroslav den vises orden, Frihetsordenen |