Simmentalfe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Simmentalfe, i nokre land kalla Fleckvieh, er ein allsidig storferase, som stammar frå dalen Simme i Berner Oberland i det vestlege Sveits. Rasen kan sporast attende til mellomalderen. Ferasen er med omkring 41 millionar dyr i dag den 3.-4. mest utbreidde storferasen i verda.
Simmentalfe har historisk sett vore brukt som mjølkekyr og kjøttfe. Dyra er verdsette grunna den raske veksten, 1,2 kg dagleg (opp til 2 kg dagleg) når dei er tilstrekkeleg fôra. Simmentalkyr produserer mykje mjølk.[1]