From Wikipedia, the free encyclopedia
Slimålar (Myxini) er ei klasse virveldyr med ein nolevande orden, slimålar (Myxiniformes). I denne ordenen er det ein nolevande familie, slimålfamilien (Myxinidae). Dei er kjevelause fisk som lever i saltvatn. I denne familien er det til saman 67 artar, spreidd i alle dei tempererte hava. Det finst ein art i Noreg, slimål (Myxine glutinosa).
Slimålfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Kjevelause fiskar Agnatha |
Klasse: | Myxini |
Orden: | Myxiniformes |
Familie: | Slimålfamilien Myxinidae Rafinesque, 1815 |
Som namnet hintar, er slimålane lange, tynne fiskar (opptil 1 m). Dei er ikkje i slekt med ålefiskar, som er eigentlege beinfiskar. Slimålane kan på kort tid produsera store mengder slim i form av ein gelatinaktig masse.
Slimålen har føletrådar rundt munnen og rudimentære auge utan linse. Dei tek inn vatn gjennom ei opning over munnen og pressar det ut gjennom gjellane. Slimål har frå 6 til 15 par gjellesekker, med skilde eller felles opningar. Slimålen har eit særs primitivt krinsløpssystem, mellom anna med tre ekstra hjarte.
Slimålen ligg nedgraven i mudder på botnen i mørke og kjølige omgjevnader. Berre hovudet stikk opp. Dei treng eit relativt høgt innhald av salt i vatnet. Dette er fordi dei har dårleg utvikla nyrer og er avhengig av at det er osmotisk likevekt mellom vatn og blod. Det er difor truleg at stamarten til slimålane aldri har levd i ferskvatn, i motsetnad til dei øvrige kverveldyra.
Som unge er dei hermafrodittar, inntil dei er kjønnsmodne. Dei lever av leddormar og andre virvellause dyr, men kan også ete daud eller nesten daud fisk. Dei har låg metabolisme og kan leva utan mat i fleire månader.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.