Spesifikk gravitet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Spesifikk gravitet eller Relativ tettleik,[1][2] er høvet mellom tettleiken (masse av eit einingsvolum) av eit stoff til tettleiken av eit referansemateriale. Spesifikk gravitet tyder ofte relativ tettleik med omsyn til vatn.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Dersom eit stoff sin spesfikke gravitet er mindre enn 1 då er stoffet mindre tett enn referansen; dersom den er eksakt 1 så er tettleikane like dvs. like volum har same masse. Dersom referansematerialet er vatn så vil eit stoff med spesifikk gravitet mindre enn 1 flyte i vatnet. T.d. vil ein bit is med spesifikk gravitet på om lag 0,9 flyte. Eit stoff med spesifikk gravitet større enn ein vil søkke.
Temperatur og trykk må spesifiserast for både prøve og referanse. Trykket er nesten alltid 1 atm som er lik 101.325 kPa. Dersom det ikkje er det, er det meir vanleg å spesifiere tettleiken direkte. Temperaturen til både prøve og referanse varierer frå industri til industri. Britiske bryggeriar nyttar spesifikk gravitet som spesifisert ovanfor multiplisert med 1000.[3] Spesifikk gravitet er til vanleg nytta i industrien som ein enkel måte å få informasjon om konsentrasjonen av løysingar av ulike material som saltløysingar, sukkerløysingar (syrups, juices, honeys, brewers wort, must, osv.) og syrer.