State University of New York
From Wikipedia, the free encyclopedia
State University of New York (SUNY) er eit delstatsuniversitet i staten New York i USA. Det vart grunnlagt i 1816 og har i dag studium ved åtte universitet, fire av universitetssentra sp, ligg ved Cornell University, femten høgskolar (college, åtte tekniske høgskolar og tretti lokale høgskolar (community colleges). SUNY er det største universitetssystemet i USA, og eit av dei største i verda.
State University of New York | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1948 | ||
---|---|---|---|
Stad | New York | ||
Medlemskap | ORCID | ||
Nettstad | https://www.suny.edu/ (engelsk) |
Universitetet i Buffalo vart opphavleg etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, og vart i 1962 fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo (State University of New York at Buffalo) med sine 28 192 studentar (2008) (av det 19 022 undergraduate), 1 827 akademisk tilsette, 83 Bachelorgradstudium, 133 Mastergradstudium, 78 doktorgradsstudium og 4 profesjonsstudium, tre campus (Amherst og to i sentrum), forskningsmidlar på USD 323 000 000 (2007) og årleg budsjett på USD 1 300 000 000 (2007); sjølve flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York. State University of New York at Buffalo er medlem av Association of American Universities.
Lærestaden ved Binghamton høyrer til gruppa av offentlege, høgkvalitets-universitet med særs høg akademisk standard - den såkalla Public Ivy-gruppa.
I 2007 var det i alt 427 000 studentar innskrive på fulltid, deltid, gjennom fjernundervisning eller etter- og vidareutdanning. Det var 99 778 regulære studentar på bachelor- eller masterstudia ved SUNY i 2006, pluss studentane ved sjølvstendige college og community college. Skulepengane er US$ 4 800 - 6 000, avhengig av studiestad, men US$ 9 166 ved medisinstudia.