liten muskel som spring ut frå spissen av eminentia pyramidalis og festar seg til stigbøyelhalsen From Wikipedia, the free encyclopedia
Stigbøyelmuskelen eller stapediusmuskelen (latin: musculus stapedius) er den minste skjelettmuskelen i menneskekroppen. Den er litt over 1 millimeter i lengd og jobbar med å stabilisere den minste knokkelen i kroppen, nemleg stigbøyelen.
Stigbøyelmuskelen oppstår frå ein foramen i spissen av eminentia pyramidalis (ein hòl og kjegleforma prominens i den bakre veggen i trommehola), og har insersjon i stigbøyelnakken.[1] :863
Stigbøyelmuskelen er innervert av nervus stapedius, som er ei grein av av andletsnerven.[1] :863
Blodforsyninga til muskelen kjem frå ramus stapedius arteriae auricularis posterioris, som er ei grein av arteria auricularis posterior.
Muskelen dempar vibrasjonen i stigbøyelen ved å trekke i nakken av knokkelen.[1] :863 Den hindrar unaudsynleg rørsle i stigbøyelen og medverkar til å kontrollere amplituden av lydbølgjer som kjem frå dei ytre omgjevnadane til det indre øyret. Den dempar vibrasjonsevna til stigbøyelen og vernar det indre øyret mot høge lydar, særleg lyden frå eiga stemme.
Paralyse av stigbøyelmuskelen, til dømes frå skade i andletsnerven (CN VII) distalt for ganglion geniculi og føre forgreininga til stigbøyelmuskelen (som òg vil føre til facialisparese), opnar for breiare oscillasjon i stigbøyelen, noko som høgnar høyreknoklane sin reaksjon til lydvibrasjonar. Denne tilstanden er kjent som hyperakusi, og fører til at vanlege lydar kan oppfattast som ekstremt høge.
Utdjupande artikkel for dette emnet er Evolusjonen av høyreknoklar hjå pattedyr.
Trommehinnemuskelen deler ei evolusjonær historie med andre strukturar hjå ryggbeinsdyr, på same måte som stigbøyelen.
Stigbøyelen hjå pattedyr utvikla seg frå ein muskel som hjå andre firfotingar blir kalla depressor mandibulae. Muskelen hadde i oppgåve å opne kjeven, ein funksjon som blei overteken av musculus digastricus hjå pattedyr. Depressor mandibulae oppstod frå levator operculi hjå beinfisk, og tilsvarar levator hyomandibulae hjå haiar. Alle desse musklane stammar frå den andre faryngealbogen og er innervert av andletsnerven (CN VII), i likskap med trommehinnemuskelen.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.