Foramen

Wikimedia-fleirtydingsside From Wikipedia, the free encyclopedia

Foramen
Remove ads

Ein foramen (pl. foramina) er i anatomien ei nemning som blir bruka om ei naturleg opning.[1] Foramina i menneskekroppen verkar som ei opning der musklar, nervar, arteriar, vener og andre strukturar passerer for å kople ein kroppsdel til ein annan.

Thumb
Den store sittebeinsopninga (farga raudt) er ein stor foramen i bekkenet

I hovudskallen hjå ryggbeinsdyr finn ein ei rekkje foramina, mellom anna foramen magnum. Foramina finn ein òg i ryggvirvlane i ryggsøyla, såkalla intervertebralforamina, som dannar ein kanal frå golvet til taket av knokkelen, der mellom anna ryggmergen passerer.

Døme på andre foramina er:

  • foramen apicis dentis, holet øvst på tannrota
  • foramen ovale i hjarta, eit hol mellom dei venøse og arterielle sidene av fosterhjarta
  • foramen transversarium, ein av to opningar i ryggvirvlane der den djupe halsarterien passerer
  • den store sittebeinsopninga (foramen ischiadicum majus), ein stor foramen i bekkenet
  • foramen interventriculare primarium, i embryologien ein kortvarig opning mellom ventriklane i hjarta
  • foramen interventriculare, kanalar som koplar ventriklane i hjernen
  • den vesle sittebeinsopninga (foramen ischiadicum minus), ein opning mellom bekkenet og det bakre lårbeinet
  • foramen obturatum, holet som blir danna av sittebeinet og underlivsbeinet i bekkenet
  • sakralforamina, som perforerar virvelkanalen frå korsbeinet, og der sakralnervane passerer
Remove ads

Variasjonar

Ein studie frå 1988 undersøkte variasjonar i høgre og venstre foramen jugulare i 156 hovudskallar. I 69% av skallane var den høgre f. jugulare større enn den venstre, og i 23% var den venstre noko større. I dei attståande skallane var begge foramina like store.[2]

Sjå òg

  • foramina i hovudskallen
  • intervertebralforamina
  • fossa

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads