Sulzberger Bay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sulzberger Bay er ei bukt mellom Fisher Island og Vollmer Island, langs kysten av King Edward VII Land. Ho vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen den 5. desember 1929, og vart namngjeven av Byrd etter Arthur H. Sulzberger, som publiserte New York Times og støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-1930 og 1933-1935.[1]
Kjappe fakta Land, Del av ...
Sulzberger Bay | |||
bukt | |||
Kart over Sulzberger Bay | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Rosshavet | ||
Koordinatar | 77°0′S 152°0′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sulzberger Bay 77°S 152°W / -77; -152 | |||
Lukk
Sulzberger Bay ligg føre Sulzberger isbrem (77°0′S 148°0′W), ein isbrem som er kring 137 km lang og 80 km brei langs kysten av Marie Byrd Land mellom Edward VII Peninsula og Guest Peninsula. Isbremmen vart observert og grovt kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (1928-1930).[2]
Sulzberger Basin (77°0′S 152°30′W) er eit havbasseng sentralt i Rossisen nær Sulzberger Bay.[3]