Sunshine Superman
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Sunshine Superman» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Han vart gjeven ut på singel i USA på Epic Records (Epic 5-10045) i juli 1966, men på grunn av kontraktsstridar vart han ikkje gjeven ut i Storbritannia før i desember 1966, der han kom ut på Pye Records. Som B-side hadde singelen «The Trip» både i USA og Storbritannia. Han har vorte skildra som «ein av klassikarane på denne tida»[1] og som «ein vesentleg lys sommar-allsong».[2]
Sunshine Superman Singel av Donovan frå albumet Sunshine Superman | ||
B-side |
«The Trip» (Donovan) | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1966 (US) Desember 1966 (UK) | |
Innspelt | Abbey Road Studios: Januar 1966 | |
Sjanger | Psykedelisk folk | |
Lengd | 3:15 | |
Selskap | Epic 5-10045 (US) Pye 7N17241 (UK) | |
Tekstforfattar | Donovan | |
Låtskrivar(ar) | Donovan | |
Produsent | Mickie Most | |
Donovan UK-kronologi | ||
«Remember the Alamo» (4/1966, trekt tilbake) |
Sunshine Superman | «Mellow Yellow» (2/1967) |
Donovan USA-kronologi | ||
«To Try for the Sun» (2/1967) |
Sunshine Superman | «Hey Gyp (Dig the Slowness)» (1967)
|
«Sunshine Superman» nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA og vart tittelsporet på det tredje albumet til Donovan, Sunshine Superman. Ein annan miks av «The Trip» (utan munnspel) finst òg på albumet. Det var den første utgjevinga av det særs suksessrike treårige samarbeidet mellom Donovan og produsent Mickie Most og vert generelt rekna som ein av dei første døma på musikksjangeren som vart kjend som psykedelia.[3]
Songen vart skriven personleg for den framtidige kona til Donovan, Linda Lawrence.
Teksten i songen nemner ikkje berre Supermann, men òg ein annan teikneseriehelt, Green Lantern.