Svartehavsregionen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Svartehavsregionen (tyrkisk Karadeniz Bölgesi) er ein av regionane i Tyrkia. Han grensar til Marmararegionen i vest, Sentral-Anatolia i sør, Aust-Anatolia i søraust, Georgia i nordaust og Svartehavet i nord.
Det bur kring 8,5 millionar innbyggjarar i regionen, og av dette bur 4,1 millionar i byar og 4,3 millionar i landsbyar. Regionen er derfor den einaste regionen i Tyrkia der det bur fleire folk på landet enn i byane. Sjølv om majoriteten er tyrkiarar, bur det òg noko laz-folk og georgiarar i regionen, og i motsetnad til dei same etniske gruppene i Georgia (der dei er georgisk-ortodokse) er dei sunnimuslimar.