Aust-Anatolia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aust-Anatolia (tyrkisk Doğu Anadolu Bölgesi) er ein av sju regionar i Tyrkia og består av dei austlegaste provinsane i landet.
Regionen og namnet Doğu Anadolu Bölgesi vart først definert av Den første geografikongressen i 1941. Regionen har den høgaste gjennomsnittshøgda i Tyrkia, er størst i utstrekning og har lågast folketettleik av alle regionane i Tyrkia. Ein del av regionen vart tidlegare kalla Det armenske høglandet, eller berre Armenia.[1][2]
Aust-Anatolia ligg heilt aust i Tyrkia og grensar til Sentral-Anatolia i vest, Svartehavsregionen i nord, Søraust-Anatolia og Irak i sør og Iran, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia i aust.
Regionen dekkjer 171 061 km², 21% av det totale arealet til Tyrkia. Det bur totalt kring 6,1 millionar innbyggjarar i regionen.