From Wikipedia, the free encyclopedia
Svetlana Vasiljevna Khorkina (fødd 19. januar 1979) er ein russisk tidlegare turnar frå Belgorod. Ho var tre gongar verdsmeister i mangekamp og like mange gongar europameister. Khorkina er ein av dei mest suksessrike kvinne-turnarane.
Svetlana Khorkina | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 19. januar 1979 (45 år) Belgorod |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2004 – Mangekamp kvinner, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's uneven bars |
Utmerkingar | Æresordenen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Venskapsordenen |
Khorkina deltok i dei olympiske sommarleikane i 1996, 2000 og 2004, tok i alt sju OL-medaljar. I 1996 vart ho olympisk meister i skranke, ein meistertittel ho forsvarte i 2000. Åra frå 1994 til 2003 sanka ho tjue medaljar i verdsmeisterskap, sigra i mangekampen i 1997, 2001 og 2003. Ho vann elles fem VM-gull i skranke-øvinga og eitt i hopp. Over åra tok ho VM-medalje i kvar av dei fire øvingane. Perioden 1994-2004 sikra ho seg tretten gullmedaljar, fem sølvmedaljar og to bronsemedaljar ved europameisterskapane. Såleis triumferte ho åra 1998, 2000 og 2002 i mangekampen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.