Belgorod
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Belgorod (russisk Бе́лгород) er ein by og administrativt senter i Belgorod oblast i Russland. Han ligg ved elva Donets, rundt 570 km sør for Moskva og berre 40 km nord for grensa til Ukraina. Han har om lag 320 000 innbyggjarar.
Namnet Belgorod er slavisk for «kvit by» (likt Beograd i Serbia). Byen ligg i eit område rikt på kalkstein.
Belgorod er det administrative, industrielle og kulturelle senter for Belgorod oblast, som vart oppretta i 1954. Av høgare utdanningsinstitusjonar i byen finst Belgorod Sjukhov statlege teknologiske universitet, Belgorod statlege universitet, Belgorod jordbruksakademi og Belgorod finansielle akademi.
Belgorod lufthamn ligg 4 km nord for byen.
Remove ads
Historie
Busetnaden vart første gong nemnd i 1237, då han vart jamna med jorda av Batu Khan sine hordar. I 1596 vart han grunnlagd på ny etter ordre frå Boris Godunov som eit av mange fort bygt for å forsvare dei sørlege grensene til Russland mot krimtatarane.
Etter at den russiske grensa vart flytta lenger mot sør forfall festninga og byen vart lagt inn under Kursk. Peter den store vitja han like før slaget ved Poltava og eit dragon-regiment vart stasjonert i byen fram til 1917.
Under slaget ved Kursk var landsbyen Prokhorovka i Belgorod oblast åstad for det største stridsvognslag i historia den 12. juli 1943. Av minnesmerka over den andre verdskrigen er Belgorod Diorama og ein stor katedral i Prokhorovka.
Remove ads
Kjende personer frå Belgorod
- Svetlana Khorkina, turnar, dobbelt olympisk meister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads