Sør-Shetlandsøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør-Shetlandsøyane er ei antarktisk øygruppe som ligg kring 120 km nord for Den antarktiske halvøya,[1] med eit samla areal på 3687 km². I følgje Antarktistraktaten frå 1959 er statsvelde over øyane verken anerkjent eller motstridd av medlemslanda av avtalen, og dei kan berre nyttast til fredlege føremål.
Sør-Shetlandsøyane | |||
øygruppe | |||
Renier Point, aust på Livingston Island. | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 62°0′S 58°0′W | ||
Høgaste punkt | Mount Foster | ||
- høgd | 2 105 moh. | ||
Areal | 3 687 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sør-Shetlandsøyane 62°S 58°W / -62; -58 | |||
Kart over Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Wikimedia Commons: South Shetland Islands | |||
Storbritannia har gjort krav på øyane sidan 1908 og dei har vore ein del av Britisk Antarktis sidan 1962. Dei er òg gjort krav på av Chile (sidan 1940, som ein del av Chilensk Antarktis) og av Argentina (sidan 1943, som ein del av Argentinsk Antarktis og provinsen Eldlandet).
Fleire land har forskingsstasjonar på øyane. Dei fleste av dei ligg på King George Island, der det ligg ein chilensk flyplass ved basen Eduardo Frei.
Det er i dag seksten forskingsstasjonar på øyane. Forskinga er ofte samarbeid mellom forskjellige nasjonar og den chilensk-amerikanske Shirreff Base er eit døme på dette.