Tettstader i Vestland
Wikimedia-kategori / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 160 tettstader i Vestland fylke (2023). Av dei kallar desse fem seg by: Bergen, Førde, Florø, Odda og Måløy.
Ca. 81 % av dei som bur i Vestland bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %. 62 % av folkesetnaden budde i ein av dei seksten største tettstadene i 2023.
Tre kommunar har ingen tettstad, dette er Masfjorden, Hyllestad, Modalen. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.