Thásos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thásos (gresk Θάσος, osmansk tyrkisk طاشوز Taşöz, bulgarsk Тасос) eller Thassos er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Det thrakiske havet, nord i Egearhavet. Ho ligg nær kysten av Thráki og sletta til elva Nestos (Mesta) (under den osmanske tida kalla Kara-Su).
Kjappe fakta Thásos Lokalt namn Θάσος, Geografi ...
Thásos Lokalt namn Θάσος | |
---|---|
Liménas på Thásos | |
Geografi | |
Stad | Det thrakiske havet |
Koordinatar | 40°43′N 24°46′E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 379,0 km²
|
Høgaste punkt | Ypsário (1 204 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Thásos |
Største busetnad | Liménas (3 331 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 13 104 (2021[1]) |
Folketettleik | 34,5 /km² |
Lukk
Thásos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Kavála prefektur, men frå 2011 er øya òg ei eiga periferieining i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Thásos har ferjesamband med Kavála.
Øya var i antikken kjend for gullgruvene sine, vinen, nøttene og marmoren. Vin frå Thásos var særleg kjend og førte til at myntar frå Thásos hadde bilete av vinguden Dionysos på ein sida og ein drueklase på den andre.[3]