The Notorious Byrd Brothers
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Notorious Byrd Brothers er det femte albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og vart gjeve ut i januar 1968 på Columbia Records.[1][2] Musikalsk er albumet toppen av den psykedeliske perioden til bandet, der dei blanda folkrock, psykedelisk rock, country, elektronisk musikk, barokkpop og jazz.[3][4] Av desse forskjellige stilane var det dei små hinta om country som fullstendig skulle prege det neste albumet deira.[2][5] Med produsenten Gary Usher vart det nytta mykje studioeffektar og nye produksjonsteknikkar, som phasing, flanging og panorering.[6][7][8] The Byrds innførte òg pedalsteelgitar og Moog-synthesizer i musikken sin for første gong. Dette var eit av dei første albuma der ein finn ein Moog.[7][9]
The Notorious Byrd Brothers Studioalbum av The Byrds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1968 | |
Innspelt | 21. juni til 6. desember 1967 | |
Studio | Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | ||
Lengd | 28:28 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Gary Usher | |
The Byrds-kronologi | ||
---|---|---|
The Byrds' Greatest Hits (1967) |
The Notorious Byrd Brothers | Sweetheart of the Rodeo (1968)
|
Singlar frå The Notorious Byrd Brothers | ||
|
Innspelinga av albumet fann stad andre halvdel av 1967 og vart prega av krangling mellom bandmedlemmene.[9] Rytmegitarist David Crosby fekk sparken i oktober 1967 og trommeslagar Michael Clarke forlet bandet midtvegs i innspelinga. Clarke kom attende ei kort stund før han til slutt fekk sparken etter plata var ferdig.[10][11] I tillegg kom den originale bandmedlemmen Gene Clark, som hadde forlate bandet tidleg i 1966, attende i tre veker under innspelinga, før han forlet bandet igjen.[12] Forfattar Ric Menck skreiv at sjølv om ein hadde desse endringane i bandet og konfliktane under innspelinga, så var The Notorious Byrd Brothers eit av dei best samansette og overjordisk-aktige albuma til bandet.[13]
Då det kom ut nådde albumet 47. plass på Billboard Top LPs-lista i USa og 12. plassen på den britiske UK Album Chart.[14][15] Ein coverversjon av Gerry Goffin- og Carole King-songen, «Goin' Back» vart gjeven ut som singel i oktober 1967 og gjorde det forholdsvis bra.[7] Sjølv om The Notorious Byrd Brothers var kritikarrost då det kom ut, selde det berre moderat, særleg i USA.[16] Albumet vert i dag rekna som eit av dei beste Byrds-albuma, samt deira mest eksperimentelle og progressive.[4][6][13]