The Single Factor
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Single Factor er det niande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i mai 1982. Albumet vart i røynda gjeve ut for å fullføre kontrakten deira, etter press frå Decca Records om å skape ein hitsingel.[2] I motsetnad til mange tidlegare Camel-album, består The Single Factor utelukkande av korte songar med ei lengd på tre til fem minutt.
The Single Factor Studioalbum av Camel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. mai 1982 | |
Innspelt | Januar til februar 1982 | |
Studio | Abbey Road studio 3 | |
Sjanger | Poprock, progressiv rock | |
Lengd | 39:01 | |
Selskap | Gama/Decca | |
Produsent | Tony Clarke, Andy Latimer og Haydn Bendall for Gama Records Ltd. | |
Camel-kronologi | ||
---|---|---|
Nude (1981) |
The Single Factor | Stationary Traveller (1984)
|
Gitaristen Andrew Latimer var det einaste originale medlemmet som no var att, men den originale klaverspelaren Peter Bardens kom attende som gjest på «Sasquatch». I følgje teksten i plateomslaget, var ikkje den originale trommeslagaren Andy Ward, som hadde vore på alle dei tidlegare Camel-albuma, lenger med på grunn av ei alvorleg skade i handa. Seinare viste det seg at han trakk seg attende på grunn av psykiske problem..[3]
Albumet kom ut på ny 8. september 2009 på Esoteric Recordings med ei bonusversjon av «You Are the One».