From Wikipedia, the free encyclopedia
Thomas Schönlebe (fødd 6. august 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Frauenstein som tevla for Aust-Tyskland til 1991, sidan for Tyskland. Han vann gullmedaljen på 400 meter under VM 1987 i Roma. Vinnartida 44,33 sekund var europarekord fram til 2023.
Thomas Schönlebe | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 6. august 1965 (59 år) Frauenstein |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Schönlebe melde seg i verdseliten på 400 meter allereie som 18-åring. Han kvalifiserte seg til finalen på distansen under Friidretts-VM 1983 i Helsinki, der han vart nummer seks. Ettersom Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984 i Los Angeles deltok han ikkje i eit nytt stort meisterskap før enn i 1986. Under EM i friidrett 1986 kjempa han og briten Roger Black drabeleg om EM-tittelen på 400 m, med 44,53 sekund vann Black løpet med ein margin på seks hundredelar, personlege rekordar for begge.
Året etter vart Schönlebe verdsmeister på 400 m under VM i Roma. Tida 44,33 sekund var ny europarekord. Fire år etter storoppgjeret mellom Black og Schönlebe under EM 1986, kjempa dei same to utøvarane like tett på 400 m under Friidretts-EM 1990 i Split. Black forsvarte EM-tittelen med fem hundredels sekund betre tid enn Schönlebe.
Schönlebe var austtysk meister på 400 meter i 1983-85 og 1987 og 1988, samt tysk meister 1992 og 1993. Han la opp i 1997.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.