Timkat (amharisk ጥምቀት, [t’ɨmk’ət], 'dåp') er ei høgtid innan den etiopiske ortodokse kyrkja til minne om at Jesus blei døypt av Johannes døyparen i Jordanelva. Ho blir feira den 10. terr i den etiopiske kalenderen, noko som tilsvarer 19. januar i den gregorianske (20. januar i skotår). Vatn speler ei viktig rolle i feiringa.

Thumb
Timkat-feiring i Gonder

Under timkat går prestar frå kvar kyrkje i prosesjon med ein modell av Arken. Modellen, som blir kalla tabot, er hylla inn i silkestoff og blir boren på hovudet av ein prest medan andre går rundt med parasollar. Prosesjonen går til eit vatn der taboten blir senka ned. Vatnet blir så signa og dusja over tilskodarane i ei fornying av dåpen. Deretter går eit syngande og dansande tog tilbake til kyrkja med taboten.

Bakgrunnsstoff

  • Donald N. Levine: Wax & Gold. Tradition and Innovation in Ethiopian Culture. University of Chicago Press, Chicago IL u. a. 1965, S. 63.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.