Jordanelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jordanelva
Remove ads

Jordanelva, eller berre Jordan, er ei 251 km lang elv i Midtausten. Elva har utspring i Anti-Libanonfjella ved Hermon, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho munnar ut i Daudehavet, som ingen elver renn ut frå.

Kjappe fakta Land, Regionar ...

Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidda i vest. Vestbreidda av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Thumb
Ei rekke kunstnarar har skildra døypinga av Jesus i Jordanelva. Denne fresken av Masolino er frå 1435.

Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.

Remove ads

Geografi

Sideelvar

  • Hasbani (arabisk الحاصباني Hasbani, hebraisk שניר Snir), som flyt frå Libanonfjella.
  • Baniaselva (arabisk بانياس Banias, hebraisk חרמון Hermon), spring ut ved Banias ved foten av Hermon.
  • Dan (hebraisk דן Dan, arabisk اللدان Leddan), spring ut ved foten av Hermon.
  • Iyon (hebraisk עיון Iyon, arabisk دردره Dardara eller براغيث Braghith), som flyt frå Libanon.

Elveleie

Elva fell raskt i løpet av 75 km til den myrlendte Hulasjøen, som ligg like over havnivå. Ut frå innsjøen fell elva mykje meir i løpet av dei 25 km ned til Genesaretsjøen. Siste delen av elva fell slakare, og elva dannar meander før ho munnar ut i Daudehavet, kring 422 meter under havnivå, som ikkje har noko utløp. To store sideelvar kjem inn frå aust i denne sist delen: Yarmouk og Zarqaelva.

Delen nord for Genesaretsjøen (hebraisk כנרת Kinneret, arabisk: Bohayrat Tabaraya) ligg innfor grensene til Israel, og dannar vestgrensa mot Golanhøgdene. Sør for innsjøen dannar ho grensa mellom kongedømet Jordan (i aust) og Israel.

Remove ads

Ei bibelsk elv

Elva blir omtalt spreidde stader i Bibelen, mellom anna som kjelda til «Guds hage», ei stor, fruktbar slette. Ho er òg omtala som grenseelva mellom «to stammar og den halve stammen» i aust og «ni stammar og halve Manassestammen» som leia av Josva busette seg på Vestbreidda.

Jesus skal ha vorte døypt i elva då han var kring 30 år.

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads