From Wikipedia, the free encyclopedia
Torque (engelsk: torc, tysk:Torques, fransk: torque), er den arkeologiske nemninga på ein type halsringar som keltarane nytta i tida frå femte til fyrste hundreåret før Kr., og som romerske soldatar òg tok i bruk som eit honnørmerke.
Nemninga torque kjem frå latin torquere, som tydar å vri, og har med forma på halsringane å gjere. Dei er lagde av massive metallstenger, og har vore meint å skulle berast permanent rundt halsen. Vanlegvis er det ei lita opning i ringen på den sida som vender fram, med ein kule, halvkule, terning, eit skulptert dyrehovud, eller i nokre høve ein menneskeskulptur, i kvar ende av ringen. Slike halsringar er funne både i manns- og kvinnegraver.
Det ser ut til at denne typen halsringar har vore nytta av keltarane som herskarteikn for både menneske og guddommar; nokre eksemplar er så store og tunge at dei ikkje kan ha vore meint for menneske.
Liknande ringar har òg vore lagd som armringar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.