Ullevål sykehus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ullevål sykehus | |||
| |||
Administrasjonsbygningen og hovudinnkøyringa til sjukehuset frå Kirkeveien til høgre for tårnet. | |||
Arkitekt | Heinrich E. Schirmer | ||
---|---|---|---|
Ullevål sykehus 59.93680833°N 10.737425°E / 59.93680833; 10.737425 |
Ullevål sykehus i Kirkeveien 166 i bydel St. Hanshaugen i Oslo var opphavleg eit sjukehus eigd av Oslo kommune. Sjukehuset vart overteke av staten i 2002, og fekk då namnet Ullevål universitetssykehus. Frå 2009 vart sjukehuset ein del av Oslo universitetssykehus HF, som òg femner om dei andre tidlegare sjølvstendige sjukehusa i Oslo, Aker sykehus (som opphavleg var eigd av den tidlegare Aker kommune, slege saman med Oslo i 1948), Rikshospitalet og Radiumhospitalet. Oslo universitetssykehus HF høyrer inn under føretaket Helse Sør-Øst.
Ullevål sykehus vart bygd som Kristiania kommunale sygehuse, med ei epidemiavdeling som fyrste byggjesteg, planlagt i 1884 og teke i bruk i 1887. I tidas løp har sjukehuset vorte utbygd fleire gongar. Dagens sjukehus har eit areal på om lag 360 dekar og ligg på delar av dei tidlegare gardane Store og Lille Ullevål, Gjetemyren og Spångbergløkken, som alle låg i den tidlegare Aker kommune. Kristiania kommune, noverande Oslo kommune, kjøpte Lille Ullevål på 134 dekar i 1884 for å byggje epidemisjukehuset, og Store Ullevål i 1909, der 133 dekar av eigedomen vart avsett til sjukehuset.