From Wikipedia, the free encyclopedia
Utqiaġvik (før 2016 òg kalla Barrow) er ein by i North Slope Borough i Alaska i USA med 4 488 innbyggarar per 2018.[3] Han er den nordlegaste byen i USA og er òg ein av dei nordlegaste byane i verda. Han ligg berre litt lenger nord enn Nordkapp i Noreg og ligg 2100 km sør for Nordpolen og 515 km nord for polarsirkelen. Ikkje langt unna byen ligg Point Barrow som er det nordlegaste geografiske punktet i heile USA.
Utqiaġvik | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 48,614770 km² | ||
Folketal | 4 927 (1. april 2020)[1][2] | ||
Utqiaġvik 71.290555555556°N 156.78861111111°W | |||
Wikimedia Commons: Utqiagvik, Alaska | |||
Det går ingen bilvegar til byen så transport til og frå staden vert vanlegvis gjennomført med fly. Om sommeren så kan ein ta seg til nærliggande busetnader med traktor eller eventuelt slede om vinteren.
Byen har eit arktisk klima med lite nedbør og normalt overskya vêr. Temperaturen klatrar sjeldant over 10 gradar Celsius om somrane og det hender ofte at det er snø å sjå året rundt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.